Dette er eit døme på ein enkel klient som hentar data frå Ordbok-APIet.
For å køyra klienten, må du ha Node.js installert. Me anbefaler å bruka Volta for å installera Node.js — men arkivet er òg konfigurert for å bruka nvm.
Me bruker Yarn som pakkehåndterar, så du må ha det installert òg (med Volta treng du ikkje å installera Yarn manuelt).
yarn # Installerer avhengnader
yarn start:dev # Byggjer og køyrer klienten
Klienten bruker GraphQL Code Generator for å generera TypeScript-typar frå GraphQL-skjemaet. Dette gjer at me kan bruka TypeScript-typar for data frå API-et, og få hjelp frå redaktøren når me skriv koden.
Du kan sjå korleis me har konfigurert dette i codegen.ts og package.json.
Dette verket er lisensiert under ISC-lisensen.